Forsking på metodar for depresjonsscreening som er meint å
oppdage og følgje opp depressive symptom hos gravide og barselkvinner, skal
systematisk oppsummerast. I oversikta skal ein også vurdere kor treffsikre, det
vil seie kor nøyaktige, dei ulike screeningverktøya er i høve til ein faktisk
depresjonsdiagnose.
- Målet med screening er å kunne iverksetje tiltak på eit
tidleg stadium for å førebyggje utvikling av klinisk depresjon, seier Marita
Sporstøl Fønhus, forskar ved Kunnskapssenteret og leiar for dette prosjektet.
Det er Nasjonalt råd for kvalitet og prioritering i
helsetenesta som har bede Kunnskapssenteret om å utarbeide oversikta.
Bakgrunnen for bestillinga er at rådet har vedtatt å drøfte om ein skal tilrå
innføring av depresjonsscreening av gravide eller barselkvinner .
- Den systematiske oversikta over forsking på dette området
skal danne bakgrunn for rådet sitt vidare arbeid med dette spørsmålet og bidra
til velinformerte avgjersler, avsluttar Fønhus.